På disse sider publiserer blogtidsskriftet Knokkelklang sine artikler og andre skriverier. For mening og oversikt, gå til hovedsiden.

Er teksten for bred for deg? Justér bredden på vinduet ditt.

onsdag

Ei ny julesoge

Knokkelklang får julenissen i tale

Av Kristian ”Dickens” Bjørkelo


Har du lurt på kvifor ikkje nissen vitjar akkurat heimen din? Du er ikkje åleine om det. Jula er ikkje heilt den same utan julenissen, vi har prøvd å få julenissen i tale om problema han har hatt.


Det er jul. Glade barn, og stressa foreldre. Er du heldig, så ligg det snø på bakken og du har fått handla inn det viktigaste – juletre, julegåver, julemat og eventuell julepynt – utan at du har fått magesår eller andre varige men. Om du er heldig, så kjem du deg gjennom julefeiringa – med julebord og familiebesøk – utan å slite deg heilt ut, og har framleis energi att til både nyttårsfeiring og å byrje på jobb att etter nyttårshelga.

Dette er om du er heldig, men uansett kor heldig du er, så er det ein ting du kan gløyme. Julegåve frå nissen, sjølvaste julenissen. Det har du ikkje fått på år og dag, og du er ikkje åleine om det.

År etter år har du kanskje streva med å verte snill nok til å hamne på lista hans, utan hell. Ingenting du gjer, verken gode gjerningar eller usjølviske offer, er gode nok.

For når jula kjem får du dei same gåvene, frå venner, familie og kjære, men gåva frå julenissen uteblir, medmindre du får ein dårleg tilslørt gåve frå ein av dine næraste med namnetrekket hans på. Ein magar trøyst når du sitt att kvar jul med ei kjensle av å ikkje strekkje til – du var ikkje snill nok dette året heller.

Tida er inne for å bryte tystnaden som ligg over dette temaet. Du må slutte å overanstrenge deg, du var snill nok i år, som i fjor. Årsaka til at du ikkje har fått gåve, til at ingen du kjenner har fått, eller at underskrivne reporter ikkje har fått, er at nissen ikkje delar ut lenger. Han har lagt inn årene, og det heile er ei ganske tragisk soge.

Det tok til i tida vi alle kjenner så godt til, då nissen var på framsida av alle avisene og hans namn var vanleg kost i alle nyhende- og debattprogram. Vi hugsar alle korleis det gjekk frå skandale til skandale, og ikkje sidan Watergate eller Orderud-saka har media kunne fråtse meir i alskens detaljar dei kunne grave opp.

Det var dei første anklagane som ramma hardast; at arbeidsvilkåra for alvane på Nordpolen var langt ifrå humane. Bilete av forslåtte alvar, merke etter knyttneve, pisk og brennjern sirkulerte blant dei store nyhendekanalane, som alle forlangte at noko måtte gjerast med situasjonen.


Arbeidstvist

Rapportar straumde inn om slaveløn, ubetalt overtid og irregulære arbeidsoppgåver. Det vart hevda at julenissen forlangte at alvane skulle bu i brakker, der dei gjerne låg to i kvar køye, med dårleg ventilasjon. Videoopptak viste korleis brakkesjefar tvang alvane inn i dei tronge brakkene etter endt skift, for så å sette hengelås på døra. Eit skift kunne gjerne vere på 24, 36 og 48 timar i månadene fram til jul, då nissen forlangte at alt skulle vere på plass før han leverte gåvene den 24. og 25. desember. Og det var berre 8 timar pausar mellom skifta.

Alvane hevda å aldri å ha fått utbetalt meir enn lommepengar for arbeidet, og det vart klart at dei var betalt langt under båe tariff og minsteløn, men då nissen betalte dei kontant er alle tal som vart nytta i den samanhengen ikkje meir enn rein spekulasjon.

Alvar som hevda å ha flykta frå Nordpolen, kunne fortelje om jamlege omgangar med juling, og til og med brennmerking, av dei som ikkje kunne fylle dei store kvotane som nissen forlangte. Dei kunne òg fortelje at i tillegg til å byggje leikar vart det krevd at dei måtte stelle reinsdyra, og vaske opp etter dei. Eit par augebryn vart òg heva då det vart fortald at dei òg måtte vaske og stelle julenissen sjølv før han reiste ut med gåvene.

Over heile verda stod fagforeiningsrepresentantar, menneskerettsforkjemparar og advokatar parat til å tale alvane si sak. Frå å ha vore sjølve symbolet på barnleg glede i jula, vart no julenissen eit av verdas mest forhatte døme på utbytting av arbeidarklassen. Julenissen vart ein sesongbasert Mr. Burns. Ein Fred Olsen for jula.

Dette var byrjinga på slutten for julenissen, som valte å ikkje svare på anklagene mot han. Han tenkte naturlegvis at om han ikkje gav anklagarane noko merksemd ville dei gje opp, og la han halde fram som før. I staden for forverra det seg. Folkeopinionen hadde vendt seg mot han.


Rykteflaumen

Når det var konstatert at julenissen var langt i frå den ein hadde trudd han var, vart terskelen for spekulative rykte senka. Folk stod fram og hevda å ha vore antasta av han som born – det var visst ikkje berre-berre å verte invitert til å sitte på fanget hans. Det var heller ikkje alle leiketøy i sekken hans som var like barnevennlege – og då var det ikkje berre leikepistolar ein meinte.

Andre rykte var meir velgrunna og fokuserte på julenissens økonomiske manøvreringar. Kvar kom pengane eigentleg frå? Korleis finansierte han operasjonen sin og kva gjorde han resten av året? Det var mykje som tyda på at verkstaden hans var involvert i eit internasjonalt nettverk. Var julenissen eigentleg ein pengevaskar?

Julenissen hadde blitt sett i fleire område styrt av kjende narkokartell, og det var dei som meinte dei hadde sett nissen levere våpen til Afghanske geriljasoldatar. Tabloidpressa slukte det rått.

Og så vart det slutt på gåvene. Slutt på julenissen verkar det som. Eg spora han opp i ein av Bergens brunare pubbar.


– Det var Gerhard Helskog sin feil!

Det er ikkje mykje att av den muntre tjukkasen som garanterte julemoro i vår barndom. Skjegget er der, den raude drakta og vommen som fyller den, men alt er forslitt og fillete. Auga hans stråler ikkje meir, dei ulmar. Han stirrar stille mot veggen framfor seg – og mumlar.

– Det var Gerhard Helskog sin feil! Han og jævla Dokument2!

Det er tydeleg at arret etter den første avslørande dokumentaren framleis er ferskt. Han lyfter glaset og lar isbiten symje eit par rundar i den brune veska.

– Isbitar... Nordpolen er ein svær isbit. Har du tenkt på det? Eg pleide å bu på ein isbit ...

Han talar utydeleg, klart påverke av alkoholen. Orda hans svinn hen, og eg prøver å få han attende til temaet. Eg vil vete meir om julenissen. Eg vil vete kva som skjedde med han. Kva gjer han i Bergen?

– Ein by like god som nokon annan, vel? Ingen legg merke til ein ekstra avdanka feit mann med skjegg her i byen. Dei er tretten på dusinet her.

Eg prøver att. Det må vere ein grunn?

– Eg hadde familie her. Min fetter og kona hans bur ut på Nordnes. Tenkte det ville eit greit avbrekk frå Nordpolen.

– Så du har budd hjå dei i alle desse åra?

– Nei. Nei, eg bur på eit pensjonat her i byen. Dei har ikkje plass til gjestar i huset der... men eg vitjar dei ofte. Gjerne på søndagar. Og så vitjar eg gjerne Akvariet når eg er der ute. Det er koseleg der.

Han kastar eit blikk på glaset sitt som snart er tomt.

– Bra bar er det der òg.


Tradisjon

Eg tar hintet og påkallar bartenderen og ber om to nye glas med whiskey. Eit til han, og eit til meg. Det vert mitt første glas for kvelden, men eg byrjar å mistenkje at eg kjem til å trenge ein del av det for å fullføre intervjuet. Vi har spora av att. Kva med Helskog? Korleis er det hans feil at eg ikkje har fått julegåver?

– Helskog er ingen snill gut. Ingen snill gut i det heile tatt. Han fekk aldri gåver... og han ville hemne seg. Han vrei på alt.

Så det var ikkje sant noko av det Dokument2 avslørte?

– Han vrei på alt seier eg jo. Det var viset han framstilte det på, fekk det til å framstå som noko anna enn det var.

Og kva var det?

– Det var slik det var. Det var tradisjon, ikkje sant? Det var jo ikkje som om det nokon gong hadde vore annleis! Ting fungerer på anna vis på Nordpolen.

Eg spør han korleis det er annleis på Nordpolen. Han unngår å sjå på meg, og plukkar opp det nye whiskeyglaset framfor seg og smakar varsamt på den. Eg skjønner han ikkje har tenkt å svare, så eg prøver å gripe tak i temaet frå ein annan vinkel før vi går vekk frå det att.

Eg spør han kor lenge han har vore julenissen. Lenge, seier han. Lengre enn han våger å hugse.

Og korleis har det vore?

– Bra. Det var bra. Eg kunne vere sikker på at eg gjorde noko godt. Eg bidrog, eg var noko. Folk såg opp til meg, og på grunn av meg var dei snille. Var ikkje det bra? Gjorde eg ikkje noko godt?

Eg nikkar og smiler, lyfter whiskeyglaset mitt i ein skål. Han lyfter sitt attende og tar ein god slurk.

– Det var gode tider. Meg, nissemor og alvane. Og Gerhard Helskog øydela alt saman. Svinet!

Eg grip sjansen til å konfrontere han med saka, nok ein gong. Eg spør han om det er sant at alvane vart slått dersom dei ikkje fylte kvoten, eller om Helskog laug.

– Eg slo dei aldri. Det var brakkesjefane … det var slik dei heldt disiplinen, ikkje sant? Det hadde alltid vore slik.

Kven valte ut brakkesjefane?

– Det gjorde eg.


Den nye tid

Han ser på meg. Berre eit kjapt blikk før han vender blikket attende til glaset.

– Eg valte ut dei med best kvalifikasjonar. Dei var hardtarbeidande. Disiplinerte, og hadde autoritet. Ikkje misforstå meg, alle alvane mine var hardtarbeidande og flittige, dei var disiplinerte òg. Dei stod på for harde livet før jul for å kunne fylle sekken med gåver til snille born.

Og dette gjorde dei av fri vilje?

– Ja, det hadde dei alltid gjort. Det var slik ting var på Nordpolen før.

Før?

– Ja, før. Før fjernsyn. Før internett. Før heile verda kom ramlande ned på Nordpolen. Det forvirra dei.

Korleis forvirra det alvane?

– Dei visste ingenting om verda utanfor, veit du. Alt dei visste om verda var det dei såg i leikane dei bygde. I dei glade dagar var det ting som trehestar, leikebiler – helst av tre, nokre av plast. Det var byggjeklossar, dukker og dukkehus. Brettspel og puslespel. Du veit... ekte leiketøy. Slikt som barna elskar. Men så ...

Så?

– Ja, så kom dataspel då. Og videofilmar. Fjernsyn til store og små. Alt slikt. Og heile verda opna seg for alvane mine. Eg prøvde å skjerme dei så godt eg kunne … men ein kan jo aldri det.

– Så du seier dataspel har skulda? Og videofilmar? Den har vi høyrd før.

– Nei. Det er ikkje det eg seier … eg berre seier at dei var ikkje klar for alt ... dette.

Han vifter med armen mot resten av lokalet, og i retning utgangsdøra.

– Dei var ikkje skapt for slikt. Ikkje i det heile tatt. Og det var dei som ville smake på det, ville forlate Nordpolen og … ja …

– Så det er sant. Du låste dei inne i brakker?

– Ikkje eg, men …

Men brakkesjefane. Setninga vert hengande i lufta, ufullført. Ei bekrefting like god som noko anna. Eg var førebudd på svaret, men det stakk meg like vel. Eg vil vel ikkje vete slikt om julenissen, ingen vil vel eigentleg høyre det. Det er vel difor folk vart så forferda då anklagene kom. Eg er usikker på korleis eg skal følgje det opp, men eg treng ikkje vente lenge før julenissen tar tråden opp sjølv.

– Eg ville jo ikkje ha det slik. Eg ville ha det slik som det alltid hadde vore. Alvane var som barna mine, eg elska dei som barna mine. Vi hadde aldri fått barn sjølv, nissemor og eg, og alvane var det næraste vi kom. Eg ville berre behalde dei … eg ville ikkje miste dei. Skjønner du ikkje? Kva skulle eg elles ha gjort?


Ein offerkultur

Du kunne lett dei gå, tenkjer eg, men seier det ikkje. Han ser fortvila på meg, han har sett frå seg whiskeyglaset på disken for første gong.

– Denne verda ville jo ha øydelagd dei. Folk er grusame. Om det ikkje var for at dei måtte vere snille for å få julegåver hadde det sikkert vore kaos i gatene. Og korleis trur du alvane hadde blitt motteke? Dvergar med pipete stemmer, spisse øyrar og ein hang til grønfargen som strid mot all folkeskikk og motesans?

Dei hadde blitt spist levande av alle kynikarane der ute. Otto Jespersen hadde fråtsa i smaklause og nedsettande kommentarar. Det hadde øydelagd dei! Øydelagd barna mine!

Men kva med dei som har flytta frå Nordpolen i dei siste åra? Har det ikkje gått bra med dei?

– Du veit korleis det der fungerer. Media elskar eit offer. Helskog & co klarte jo å framstille dei som offer. Og meg som dei store slemme ulven. Offeret har jo verna status i dag … spelar inga rolle om du er snill eller ikkje så lenge du kan skryte på deg å vere eit offer.

– Du då? Er du eit offer?

Han svarar ikkje. Han tømmer glaset, og før eg får tinga eit nytt eit har allereie bartenderen, ein eldre ubarbert kar, plassert eit nytt glas framfor han. Eg nikkar til han for å signaliserer at det er greitt, og at det skal på rekninga mi.


Pedofilianklaga

Eg ser mitt snitt til å skifte tema, eg spør han om dei andre anklagene. Om barna...

– Alvorleg tala?! Kva er eigentleg i vegen med dykk folk?

Eg svarar ikkje.

– Eg er julenissen for pokker, kan eg ikkje få lov til å vere oppriktig glad i barn? Barn er flotte før dei veks opp til krek som deg. Det var jobben min å få barn til å vere snille, men i dykkar sinn så vart til og med det noko forskrudd noko.

Han verkar oppriktig frustrert no, og sett frå seg glaset med eit smell og ser på meg med eit olmt blikk.

– I gamle dagar så var det ingenting som var meir stas enn å sitte på fanget til julenissen, og fortelje han kva du ønskte deg til jul, og kanskje stikke handa ned i sekken og fiske ut noko artig. Du anar ikkje kor mange gonger eg har blitt snørra ned, spydd på, og fått eit fang dynka i piss av desse borna, alt for å glede deg. Og kva er takka eg fekk? Faen...

Eg skal til å seie eit eller anna, eg er ikkje sikker på kva eg skulle ha sagt, men får ikkje sjansen. Handa hans skyt ut og grip tak i kragen min og trekk andletet mitt mot hans. Eg kjenner eimen av ei veke med brun sprit, og det eg antar er brune bønner, i det han brøler med hes stemme.

– EG ER IKKJE PEDOFIL! SKJØNNER?! HELSIKES GRIBB!

Eg grip desperat etter disken når han slepp taket, men bommar med ein centimeter eller to, og sklir av den vaklande barkrakken. Eg unngår heldigvis å lande med eit brak; eg legg ryggen mot bardisken og firar meg sjølv ned mot golvet. Ikkje akkurat elegant, men det vert i alle fall mindre truleg at bartenderen vil kaste meg ut.

Eit kjapt blikk over bardisken medan eg reiser meg opp bekreftar at han ignorerer oppstyret. Han er vel vant til at dei meir eldre kundane kan brøle både det eine og det andre, ingen av dei andre gjestene ser ut til å bry seg heller. Har dei høyrd dette før, kanskje?

Eg sett meg på plass att, kostar instinktivt av støv frå skjorta og jakka. Eg ber julenissen om orsak, det var ikkje meininga å insinuere forklarar eg. Eg vil berre at han skal få fortald historia si, at han skal få fortald si sanning. Han mumlar at han forstår det, men at han vert så frustrert.

– Eg er julenissen, ikkje sant? Eg skal jo vere glad i barn...


Den Columbianske forbindinga

Han sukker, og eg dristar meg til å ta opp neste ryktet på lista mi. Eg legg fram eit bilete av han i Columbia, i selskap av kjende fjes innan den ganske lukrative narkobransjen. Kokain er ikkje akkurat småforretningar. Han ser ned på det utan å seie eit ord, og tryggja av at han ikkje eksploderte av insinuasjonen som låg i biletet, tar eg sjansen på å foreslå eit svar for han. Eg spør han om biletet er falsk, om det er retusjert.

– Nei, det er det ikkje. Det der er meg, Carlos, Lopez og … eg hugsar ikkje namnet på tredjemann. Han var Chilenar, det hugsar eg.

Kva gjorde du med desse folka då? Dei er jo velkjente narkobaronar.

– Å vere nissen er litt som å vere ein internasjonal forretningsmann, ein må avogtil sjå stort på det. Ein kan ikkje unngå å kome i kontakt med den type folk. Dei er strengt tatt ikkje dei verste folka eg har vore nøydd å forhalde meg til, eg lover deg at Moder Theresa var ei langt hardare nøtt å knekke.

Moder Theresa...?

– Ja, ho ville ikkje at dei fattige barna i Calcutta skulle få julegåver. Det ville gje dei falske von meinte ho, og det var eit eller anna med at fattigdommen heldt dei i Guds tryggje hender. Eg var ikkje særleg begeistra for dette, men eg ville heller ikkje ty til nevekamp mot ein gjeng aldrande nonner. Dei gebissa deira var skarpe.

Så kva skjedde?

– Vi inngjekk eit kompromiss. Dei kunne få gåver, men det måtte vere enkle saker av religiøs art, minimalt med leiketøy og ingenting som kunne verte spist.

Julenissen hostar litt, og snur seg mot meg før han held fram.

– Du skjønner, det er jo langt meir til det å vere julenissen enn berre å slenge rundt gåver og å vere flink med barn. Det er alskens politiske og religiøse omsyn ein må ta. Store deler av året går med til å forhandle, om å kjøpslå med diktatorar og religiøse leiarar. Og dei vil gjerne ha gåver, uansett om dei er snill eller ikkje. Du skulle sett Pavens ønskjeliste ...

Eg skal til å spørre, men eg lar vere. Eg tenkjer eg ikkje vil vete kva som står på Pontiffens ønskjeliste. Julenissen smiler og fortel det likevel. Eg prøver å riste det av meg, og styrter ned resten av whiskeyen min. Eit nytt glas dukkar brått opp på disken ved sida av glaset eg nett tømde. Biletet frå Columbia ligg framleis på disken, så eg vender samtalen attende til det.

Så det var forhandlingar han dreiv med i Columbia? Med narkokartell?

– Ja, det òg, men dei har jo familie og dei likar å gjere ting personleg så dei ber meg kome til dei for å overlevere barna sine ønskjelister. Du ville vore overraska over kor snille barn av narkobaronar er. Noko med å ha valdelege forbrytarar til fedre, tenkjer eg. Fedrane nyttar sjølvsagt høvet til å levere listene sine òg, men dei har ofte vore langt slemmare enn barna deira. Utanom Carlos då, han har ein eiga evne til å kome seg inn på lista av snille barn.

Så han har aldri bistått kartella med narkosmugling?

– Nei, sjølvsagt ikkje. Det er jo ikkje ein passande gåve for barn.

Så klart, det er det jo ikkje. Våpensmugling då? Det vart jo hevda at han var involvert i den slags òg. Og han har blitt observert med våpen, og i nokre av verdas mest krigsherja område.

– Du tullar no, gjer du ikkje? Det er greitt at vi ikkje likar det, men gutar likar valdelege leiketøy.
– Du meiner...?

– Eg meiner leikepistolar og liknande. Dei er veldig realistiske i disse dagar, er dei ikkje?

Han smilar. Eit merkeleg smil eg aldri hadde sett for meg at han var i stand til. Eg får gåsehud, og for første gong kan eg forsestille meg at rykta er sanne.

– Så det er berre leiketøy? Du har aldri nytta din posisjon til å drive våpensmugling?

– Smugling? Nei, altså … eg er julenissen. Det er greitt at nokre av dagens leiketøy er livsfarlege, og ein del jaktentusiastar ønskjer seg både pil og boge og andre jaktvåpen, men eg driv ikkje med smugling. Det er julegåver for pokker.


Ingen økonom

Men kvar kjem pengane frå då? Pengane til alle gåvene, til eigedomen på Nordpolen, til reinsdyrfor, vedlikehald av vogna, og alt anna?

– Eit fond sjølvsagt. Ein av mine viktigaste oppgåver er å forvalte eit relativt stort pengefond. Det meste er investert i aksjar og ulike prosjekt.

Så han har økonomiutdanning eller noko slikt? Eller vart det alvane eller nissemor som styrte med det?

– Nei, dei var no ikkje i stand til å drive med slikt. Ikkje eg heller. Eg er forferdeleg rotete. Nei, til det har eg venner rundt omkring i verda med gode forbindingar og med god teft.

– Som Carlos?

Eg visste eg ikkje skulle ha sagt det. Eg angra på det i det sekundet orda ramla ut av kjeften min. Nissen såg skarpt på meg, smilet forsvann. Eg prøvde å la vere å sjå han i auga. Eg såg alle andre stader, og auga følgde heller ein slitt saum i den raude drakta hans.

Eg lurar på kva pengane går til, dei vert ikkje brukt på garderoben i alle fall, og heller ikkje gåver lengre. Det slår meg at han faktisk brukar det på stader som dette. Denne nedslitne vetle kroa, i eit smug nær Bergen sentrum.

Klientellet er ikkje så mykje ulikt julenissen, dei er gamle og slitte, og har flekkete tenner som smiler anstrengt gjennom uflidde skjegg. Eg er usikker på kvar den sterkaste eimen av gamal sprit kjem frå – frå den sarva disken med mønster av spritflekkar, eller dei aldrande kundane.

– Det er uansett ikkje så mykje pengar å hente frå fondet no. Børsen er jo som den er, og nissemor forsyner seg jo grådig.


Nissemor

Eg hadde lurt litt på dette. Kvar var nissemor i alt dette, om julenissen var her i Bergen og vitja slekt for Gud veit kor lang tid?

– Så det er delt eigedom på fondet, og ho forvaltar halve?

– Nei, det er vel meir snakk om bidrag.

Bidrag?

– Ja, den forbanna tøsa får halvparten av renteinntektene i bidrag.

Kva meiner han? Er ho ikkje på Nordpolen? Eg tenkte ho kanskje brukte pengane til å halde ting i stand der.

– Nordpolen, nei? Faen heller. Det er eit par av alvane som styrer og steller der, eg trur dei har det dei treng.

Men kvar er nissemor då?

– Hawaii. Trur eg. Eg trur det var Hawaii dei hadde slått seg ned på. Den forbanna tispa stakk av med to av alvane. To av dei. Ho påstod at dei var meir sensitive og i kontakt med sitt indre barn. Det er faen meg til å le av slik ho dummar seg ut.

Eg veit ikkje kva eg skal seie på dette punktet. Eg byrjar å drikke av glaset framfor meg.

– No har dei visst starta eit kollektiv. Fri kjærleik og alt det der. Ja, dei har jo råd til det – dei får jo faen meg alle pengane mine. Er det rettferdig? Kva i helvete har dei gjort for å fortene det, hæ?!


– God jul, jævlar!

Han snur seg vekk frå meg. Eg trur det var for å skjule tårene som eg såg forma seg i augekroken. Ting byrjar å falle på plass.

Så korleis ser ting ut på Nordpolen for tida då?

– Fuglane veit. Eg har ikkje vore der på lenge. Orkar ikkje. Er sikkert fullt av papparazzi der framleis.

Og kva med jula då? Han har ikkje delt ut gåver på lenge. Vil han gjere noko med det i år?

– Eg veit ikkje. Vi får sjå. Eg trur ikkje det.

Han ser framleis vekk frå meg, men eg trur vi er klare for temaet. Eg trur han er så open som eg vil få den gamle karen.

– Du veit jo at du er sakna. Folk saknar latteren din, smilet ditt, gåvene og, ikkje minst, draumen du gav folk. Folk jobbar stadig for å vere snille nok, på tross av at du ikkje har vist deg på fleire år. Dei gjer det fordi dei vonar at i år er året. Dei har ikkje gløymd deg.

– HA!

Ikkje akkurat responsen eg hadde satsa på.

– Ikkje kom her og påstå at folk har gjort seg fortent til ein drit. Sjå på kor klare dei var til å vende seg mot meg! Sjå kor snare dei var til å dømme meg for kvar einaste fantasifulle påstand! No har eg til og med høyrd barn påstå at eg ikkje finst! Kvifor? Fordi deira foreldra har sagt det!

Kva slags trulause kjøterar er det du vil eg skal lønne? Kva har gjort menneske fortent til gåver? Etter å ha dolka meg i ryggen slik? Nei... faen heller. Vil dei ha gåver? Vil dei ha noko til å fylle deira tomme liv? Då får dei snakke med Carlos og gutane, han har medisinen dei forten og ønskjer seg. Den einaste som får ei gåve i år, er den same som har fått gåve kvart år sidan det heile byrja.

Eg ser på han, i det han snur seg mot meg som eit einaste stort fandenivaldsk glis.

– Helskog. Gerhard Jævla Helskog! Kvart år så slepp eg ein papirpose med fersk hundeskit ned pipa hans. God jul, jævlar!




Eg innser at eg har det eg kan få av julenissen for denne gong, han har byrja å verte amper, og både bartender og dei andre gjestene byrjar å kaste blikk mot oss. Eg er òg seint ute til ei avtale, så eg smiler, bukker, tar nissen i handa og takkar for meg. Eg trur eg har skjønt det no. Eg forstår kva som har hendt, kvifor vi ikkje får julegåver. Og det er ikkje fordi alvane ikkje tålte å verte utsett for den moderne verda, det er ikkje så enkelt.

Det er faktisk omvendt. Det var vi som ikkje tålte å sjå nissens verd. Vi reagerte slik som vi gjer i dag. Vi såg noko vi kunne rive ned, så vi gjorde det. Vi reiv nissen i fillebitar, for han var ikkje som oss. Og når han dukka unna for å overleve, forlot nissemor han. Hans store kjærleik. Ho forlot han på grunn av oss, til fordel for vår verd. Til eit sex-kollektiv på Hawaii.

Så her sitt nissen no, på ein heller lite gjestfri bar i Bergen og drikk. Drukner sine sorger så godt han kan... det vert ikkje mykje gåver av slikt, uansett kor snille vi prøver å vere. Han har forlatt oss, og han har forlatt seg sjølv. Og kven veit om han nokon gong vil finne vegen att.

På vegen ut tar eg meg sjølv i å rope ein klisjé bak meg, kanskje inspirert av snøen som lavar ned.

God jul!

– Ho-ho-ho.

Svarar nissen beiskt.

Han hadde rett, det var faktisk Gerhard Helskog sin feil.


*****************************

Forfatteren: Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist av utdanning, utøvande frilansskribent og livssynsmessig vrang. Som fast redaksjonsmedlem for Pegasus, redaktør for nyhendesida n4f.no, og bidragsytrar til mellom anna Fri Tanke og Forskning.no, opererer han der populærkultur, det politiske, og det absurde møtast. Han er hovudansvarleg for det burleske selskapet Absalong i Bergen og er til dagleg tilsett ved Universitetet i Bergen, der han forlystar seg med byråkratiske gjeremål. Han kjemper ein dagleg kamp mot pandaenes komande terrorvelde, Pandamonium, og bloggar tidvis om dette og anna svada på Ïa! Ïa! Hastur Fthaghn!