På disse sider publiserer blogtidsskriftet Knokkelklang sine artikler og andre skriverier. For mening og oversikt, gå til hovedsiden.

Er teksten for bred for deg? Justér bredden på vinduet ditt.

tirsdag

Å temme den hysteriske kvinna

Om vandrande livmor og vibratorar i medisinen si teneste

Av Kristian Bjørkelo



Vibratoren, kvinnas beste venn, har ei historie som dei fleste kvinner vil nekte å tru. Den lille hjelparen har sitt opphav i patologisering og marginalisering av kvinners seksualitet, og eit forsøk på å temme den, som ein kan spore heilt attende til antikken.



Ein høyrer ofte om kor lite menn gjer for å glede kvinner, men ein slik påstand overser dei mange arbeidstimene som menn faktisk har via til å ikkje berre forstå kvinner, men òg å tilfredsstille dei. Særleg er 1800-talet ein mykje misforstått periode. Den såkalla viktorianske tidsaldaren vert skulda for å vere ein forknytt og seksuelt undertrykt periode, der særleg kvinner kom dårleg ut av det. Ei slik skulding er eit produkt av korleis ein i ettertid har konstruert 1800-talet og samsvarar ikkje nødvendigvis med realitetane.

Realiteten er den, at sjeldan har menn brukt så mykje tid og krefter på kvinners seksualitet som på 1800-talet, og resultatet av alt dette arbeidet var den såkalla massasjestaven – eller vibratoren. Eit vanleg, om enn ikkje synleg, verkty i ei kvinne si heim.

For å forstå dette må ein vete ein ting eller to om hysteri, og då særleg korleis dette er tenkt å ha utarta seg hjå kvinner. Dette har vore eit viktig tema i lang tid, og i 1653 kunne William Harvey stadfeste i Anatomical Exercitations concerning the Generation of Living Creatures at:
«No man (who is but never so little versed in such matters) is ignorant, what grievous symptomes, the Rising, Bearing down and Perversion, and Convulsion of the Wombe do excite; what horrid extravagancies of minde, what Phrensies, Melancholy Distempers, and Outragiousness, the preternatral Diseases of the Womb do induce, as if the affected Persons were inchanted: as also how man difficult Diseases, the depraved effluxions of the Terms or the use of Venus, much intermitted and long desired, do foment.»
Klarare kan det vel ikkje seiast? Hysteri var noko det viste seg at eit stort antal kvinner lei under, to tredjedeler i følgje Thomas Sydenham, ein samtidig av William Harvey. Hysteri vart knytt til både overseksualitet og til frigiditet, og symptoma var ei sjekkliste for det meste ein kunne finne gale hjå kvinner.


Frå tidlege tider

I Timaeus skildrar Platon (til venstre) korleis ei kvinne si livmor kan byrje å vandre i kroppen hennar. På vegen opp gjennom brystkassa mot halsen, kom livmora til å leggje press på dei indre organa og i nokre tilfelle kvele kvinna. Dette forårsaka ulike sjukdomar, men rotårsaka var altså ei vandrande livmor. Frå dette hentar vi omgrepet hysteri, som kjem frå det greske ordet for livmor – ustera.

Medan det var Platon som formulerte kva hysteri faktisk var, så var det ein viktig lege i det 2. århundret som er den som er mest kjend for å ha formulert ein kur for hysteri, samt gje ei forklaring på kvifor det oppstod hjå så mange kvinner. Hans namn var Galen av Pergamon (til høgre), og hans anatomiske arbeid var utan like til det vart mogleg å utføre disseksjon av menneske. Han hadde brukt aper i staden for, og sikra slik legane rudimentær kunnskap om oppbyggjinga av menneskekroppen.

Galen sin teori var at vandrande livmor var ein sjukdom oftast funnen hjå lidenskaplege, men seksuelt underernærte kvinner. Dei som stod i størst fare for å verte råka var jomfruer (peppermøer og ungmøer), nonner, enker og, i nokre tilfeller, gifte kvinner. Ein kan då stille seg spørsmål om kva kvinner som faktisk slapp unna denne lidinga? Framtidige undersøkjingar kom til å vise at det var ikkje mange.

Galen foreslo ei rekkje løysingar på den hysteriske tilstanden, avhengig av livssituasjonen til pasienten. Målet var alltid å lokke livmora attende til sin naturlege posisjon i kroppen. Det kunne vere så enkelt som ekteskap for den ugifte mø eller seksuell omgang med ektemannen for den gifte kvinne, alternativt kunne ulike sportslege aktivitetar tilby ein kur – det vere seg jogging eller hesteriding. Ein kunne òg benytte seg av ein humpete vogntur, ei disse eller ein gyngestol. Av mest interesse er kanskje den direkte løysinga på problemet, underlivsmassasje utførd av ein kyndig jordmor. Dette skulle roe ned livmora – og kvinna.

Denne løysinga kom til å halde stand blant legar og andre i lang tid framover, og vart henvist til i medisinske oppslagsverk gjennom heile mellomaldaren og renessansen. Vi kan sitere Pieter van Forrest (Alemarianus Petrus Forestus) sitt medisinske verk Observationem et Curationem Medicinalium ac Chirurgicarum Opera Omnia frå 1653:
«When these symptoms indicate, we think it necessary to ask a midwife to assist, so that she can massage the genitalia with one finger inside, using oil of lillies, musk root, crocus or [something] similar. And in this way the afflicted woman can be aroused to the paroxysm. This kind of stimulation with the finger is recommended by Galen and Avicenna, among others, most especially for widows, those who live chaste lives, and female religious, as Gradus [Ferrari da Gradi] proposes; it is less often recommended for very young women, public women, or married women, for whom it is a better remedy to engage in intercourse with their spouses.»
Dette skulle kurere det han kalla praefocatio matricis, eller kveling av mora. Altså vandrande livmor eller hysteri.


Fram mot 1800-talet

Til og med 1800-talet ville leger og vitskapsmenn av ulikt slag formulere ulike teoriar på hysteri, men alle hadde sitt utgangspunkt i den gamle greske, og såg verdien i behandlingsforma som Galen foreskreiv. Nokre knytta problemet opp til utsondringa av veske som ein opplevde når ein utførde underlivsmassasje på kvinnene. Den hysteriske tilstanden vart knytt til eit overskudd av kvinneleg sæd, og berre ved å lokke denne saften ned og ut, ville kunna verte roa ned.

Den endelege utløysinga av den overflødige veska skjer gjennom paroxysmen. Denne hysteriske paroxysmen er det endelege resultatet av behandlinga anbefalt av Galen og andre kjennarar av hysteriet. Ein paroxysme kan definerast som eit brått anfall av små eller store spasmer, ein lattarkrampe er eit anna godt døme. Fleire leger har satt av plass til å skildre den hysteriske paroxysmen hjå sine pasientar, deriblant Galen sjølv:
«Following the warmth of the remedies and arising from the touch of the genital organs required by the treatment, there followed twitchings accompanied at the same time by pain and pleasure after which she emitted turbid and abundant sperm. From that time on she was free of all the evil that she felt.»
Eit anna godt døme på ein paroxysme er altså ein orgasme. Og ein kan jo stille spørsmål ved kor mange av legane som attkjende dette i sine pasientar? Ein må anta at nokre av dei attkjende muskelsamantrekkjingane frå sine eigne orgasmer. Dette kan òg vere årsaka til at slike skildringar ikkje var vanlege i meir allment tilgjengelege bøker på 1800-talet. Ein følte ikkje at det var eit passande tema å ta opp.

Nokre, i sann borgarleg pietistisk ånd, ville forklare hysteriet med overaktiv seksualitet (nymfomani), og kanskje til og med som eit resultat av masturbasjon (for det var jo sjølvsagt ikkje dèt kuren var), andre la meir vekt på ufullstendige, eller utilfredsstillande, samleie. Andre meinte at frigiditet var det sentrale aspektet. Ei frigid kvinne, slik vi kjenner det i moderne tyding, er ei kald og utilnærmeleg kvinne utan seksuelle interesser.

Ein tidlegare definisjon, og ein som er meir aktuell for denne saka, er at ei frigid kvinne er ei kvinne som ikkje vert seksuelt tilfredsstilt av vaginalt samleie med ein mann, fortrinnsvis ektemannen, sjølvsagt. Ein definisjon som den dag i dag ville ha inkludert ein stor del kvinner, om ein skal ta utgangspunkt i ein del statistikk.


Profesjonalisering

Det er på 1800-talet ansvaret for behandlinga av hysteripasientar på alvor vert overført frå ufaglære jordmødre til leganes faste og faglærte hender. Dette var som sagt arbeid best egna for kvinnelege helsearbeidarar, altså jordmødre, men med profesjonaliseringa av legevitskapen og styrkinga av mannens dominans, måtte denne type arbeid òg overførast til legen. Dette kom til å få ein del konsekvensar.

For det første viste det seg at det var mykje arbeid i dette. Legane uttrykte til stadighet frustrasjon over det store antalet av kvinner som lei av ulike hysteriske lidingar. Her var det ein heil epidemi. Og det viste seg at kvinnene til stadighet vendte attende for meir behandling, og at kuren berre var fungerte for ei lita stund. På den andre sida, så resulterte dette òg i ikkje så reint lite penger i kassa. Visse kjelder tyder på at innteninga på hysteribehandlinga i Amerika på eit tidspunkt overgjekk statsbudsjettet. Kanskje ikkje så rart legane ville ta seg av dette sjølv? Ikkje så rart at dei færraste stilte spørsmål ved diagnose eller behandling.

Legane hadde diverre eit relativt stort problem med det heile. Behandlinga var veldig tidkrevjande, nokre kvinner brukte enormt lang tid på å oppnå paroxysmen, og det var nok ein del legar som fann det heile litt slitsomt for handleddet. Dette gjekk jo ut over tida dei kunne nytte på andre pasientar, gjerne med andre mindre tidkrevjande problem. Og medan det var dei som freista å forbetre teknikken sin, så var den mest openbare løysinga under den industrielle revolusjonen å ty til hjelpemiddel. Det skulle ikkje mangle på variasjon eller oppfinnsomhet.


Forløysingsverkty

1800-talet var ein periode prega av enorm oppfinnsomhet, og ein kan i dag oppdrive eit utal ulike nyvinningar som skulle gjere kvardag og arbeidsdag meir effektiv. Oppfinnarane var ingeniørar, vitskapsmenn, filosofar, glade amatørar og, ikkje minst, sjarlatanar. Det var ikkje det område som ikkje kunne forbetrast ved bruken av fantasifulle hjelpemiddel, og eit av dei områda som vart utsatt for mest nyvinning var helsesektoren. I vår tid kan det vere vanskeleg å skilje mellom seriøse oppfinningar og svindlarprodukt; eit stort mangfald av kreative og fargerike teoriar ligg bak dei mange dippeduttane og eliksirane som vart tilbudt den viktorianske borgar.

Og det gjeld ikkje minst når det kjem til behandlinga av hyseripasientar; utviklinga av verkty og metoder for effektivisering av underlivsmassasjen skjedde parallelt fleire stader på 1800-talet, med stor variasjon og ulikt hell. Det ein finn att frå perioden i dag, er gjerne dei verktya som ein tok i bruk, og som var meir enn gjennomsnittleg effektive Noko som får ein til å undre seg korleis dei mindre vellukka aparata såg ut. Og ein tankar går gjerne til kvinnene desse metodane og verktya vart testa ut på. Kven veit kor lenge dei var nøydd å brukast før ein kunne stadfeste at paroxysmen nok kom til å utebli?

Vassterapi (biletet) var den første terapiformen som vart nytta i utstrakt grad, og den dukka opp rimeleg naturleg, og vart utvikla gradvis. Frå tidlege stunder har kvinnelege pasientar hatt stor nytte av bad i varme kjelder og klinikkar. På klinikkar vart det eksperimentert med ulike måter å stimulere fram paroxysmen ved å rytmisk spyle kvinnas underliv.

Den enklaste måten å gjere dette på var sjølvsagt å bruke ein slange eller tilsvarande for å sprute vatn mot underlivet, og la vatnet massere underlivet på naturleg vis. Mei kløktige sjeler utvikla eigne vassfontenar for å gjere jobben, ein 'douche' eller dusj. Dette var ein av dei meir fasjonable og ettertrakta behandlingsverktya på klinikkar rundt om kring. Den kunne minne om eit bidet, berre med kraftigare stråle, og hadde som mål ikkje berre å reinse, men å stimlere. Helst skulle kaldt vatn nyttast. Den franske legen Henri Scoutetten skildra i 1843 bruken av denne dusjen:
«The first impression produced by the jet of water is painful, but soon the effect of the pressure [...], the reaction of the organism to the cold, which causes the skin to flush, and the reestablishment of equilibrium all create for many persons so agreeabe a sensation that it is necessary to take precautions that they [...] do not go beyond the prescribed time, which is usually four or five minutes. After the douche, the patient dries herself off, refastens her corset, and returns with a brisk step to her room.»
Medan dusjhovudet framleis er populært blant kvinner i dag, var denne «medisinske» dusjen langt meir forseggjort og trengte stor plass. Den var berre i bruk i dei meir velståande klinikkar, då den var dyr å byggje, og den måtte plasserast meir eller mindre permanent på golvet, og krevde tilgang til varmt og kaldt vatn. Eit anna problem var at den var urovekkjande populær hjå dei kvinnelege pasientane. For den enkelte lege, utan tilgang til fasilitetane til ein fasjonabel klinikk, ville var vassterapi sjeldan ei reell løysing. Dei krevde mindre og meir kostnadsvennlege apparat.


Sveive-vibratoren

Nøyaktig kva tid den første sveive-vibratoren dukka opp er vanskeleg å seie, men den tyske Macura Blood Circulator (sjå biletet, modell til venstre) er rekna som ein av dei tidlegaste variantane. Sveive-vibratorane nyttar seg av dei same prinsippa som ein hjulvisp og liknande hjelpemiddel. Massasjen denne gjev er veldig rytmisk og kan minne om ein mekanisk hammer. Etterkvart kom det nye og meir avanserte modellar, med varierande rytme og rørsle. Sirkulære rørsler mellom anna. Eit døme på dette er Veedee (sjå biletet, modell til høgre), som mange meiner har alle dei eigenskapane som ein moderne vibrator skal ha. Liknande var òg mekaniske opptreksvibratorar.

Sidan handdrevne og, i eit par tilfelle, pedaldrevne vibratorar var framleis avhengige av at legen fysisk måtte bruke tid og energi på å behandle kvinna, kan den vere rekna som eit sidesprang i historia til vibratoren. Eit anna slikt sidesprang er dei luftdrevne vibratorane. Både vakumdrevne og trykkluftdrevne vibratorar vart utvikla som gode hjelpemiddel til legane, men denne teknikken ser ut til å ha hatt større hell i industrien enn hjå behandlinga av hysteriske kvinner.

1800-talet var dampens tidsalder, og det skulle berre mangle at denne hjørnesteinen av det industrielle samfunnet òg skulle inkluderast i behandlinga av hysteriet. Det var jo strengt tatt ikkje den ting dampteknologi ikkje kunne nyttast til. Og då held det ikkje at ein del legar meinte at damptogets rørsler skulle vere kur nok, og difor anbefalte hysteriske pasientar å ta lengre togreisar ut av byen.

Det var den amerikanske legen George Taylor som frå 1860-åra og framover vart rekna som foregangsmannen innanfor dampdrevne terapeutiske apparat (under, til høgre). Han patenterte fleire apparat, som alle var relativt kompliserte og store. Dei dampdrevne vibratorane var som oftast benker eller stoler med beveglege deler dreven av damp. Eit klassisk døme er ein av Taylor sine benker som hadde eit hol på midten der eit «massasjehovud» stakk opp og masserte underlivet til pasienten. Taylor var veldig obs på farene ved denne type massasje, og åtvara sine kolleger om å ikkje la maskinen verte nytta av pasientar utan tilsyn, då det kunne føre til «overforbruk».

Ein annan kjend tilhengjar av dampdrevne massasjeapparat var legen John Harvey Kellogg, som i lag med sin bror fann opp corn flakes, den vidkjende frukostretten. (Oppskriften skal ha blitt stolen av ein pasient, som starta produksjon nokre få år tidlegare, men det er ei anna soge). Han var òg ein stor tilhengjar av vannterapi og elektroterapi, men hans forhold til menneskets seksualitet var langt i frå problemfritt. Noko vi vil vende attende til mot slutten av artikkelen.

Dampdrevne vibratorar var diverre ikkje i utstrakt bruk, først og framst fordi dei, på lik vis som den tidlegare nemnte dusjen, var dyre og tok opp stor plass på legens kontor. Ein må òg anta at den var ganske høglytt, og utan jamnleg oljing og anna vedlikehald ville nok maskina etterkvart utgjere ein heller udelikat kakofoni. Ein kan òg forestille seg at synet av ein svær dampmaskin retta mot underlivet ikkje virka særleg beroligande for den jamne hysterikar.

Det var elektrisiteteten som skulle gje oss det vi i dag kallar ein vibrator. Den første elektromekaniske vibratoren (biletet tiv venstre) vart produsert i Storbritannia av Weiss, og designet av dr. Joseph Mortimer Granville, som tok patent på ein batteridreven, elektromekanisk vibrator, med utskiftbare massasjehovud, tidleg i 1880-åra. Sjølv var han sterkt i mot at hans apparat skulle nyttast på kvinner, og særleg då hysterikarar, og sjølv nytta han det berre på menn Dette hindra sjølvsagt ikkje apparatet i all hovudsak å verte nytta på nett hysteriske kvinner.

Dei elektromekaniske kom i to former, batteridrevne og elektriske. Beggje typene var ganske store og klumsete, og legane var dei viktigastde kjøparane av desse. Det skulle vise seg at desse var dei mest effektive i å behandle hysteri blant kvinner, og apparata var både teknisk enklare og mindre tidrkrevjande å nytte enn å gjere det manuelt. Det var med andre ord ein stor suksess, og det dukka opp eit breidt utval av ulike modeller både frå store og mindre produsentar. Desse vibratorane kom gjerne i eigne kofferter eller esker som gjorde det mogleg for legen å transportere dei enkelt, og til og med ta dei med på sjukebesøk.

Alle var ikkje like begeistra for den nye teknologien som vart tatt i bruk, og protesterte av ulike årsaker. Det vere seg fordi teknologien kunne misbrukast ved overforbruk, eller simpelthen fordi denne type terapi kokte ned til intet mindre enn masturbasjon – eit heitt tema blant legar på 1800-talet, som jobba hardt for å få bukt på denne landeplagen. Bland dei var dr. Kellogg. Andre meinte simpelthen at mekanistisk massasjeterapi var underlegen den manuelle «handspåleggjinga», som George Massey, som avviste «… all machinery, muscle beaters, etc., as either but poor substitutes of the hands of the masseur or as presenting an entirely different therapeutic measure.» Likevel var det ingenting som kunne stogge utviklinga, og då dei første husstander fekk innlagt straum, følgde snarleg ymse elektriske husapparat snart på.


Til heimen!

Ulike elektriske verkty som skulle hjelpe kvinna med å gjere arbeidsdagen i heimen lettare dukka opp, den eine etter den andre. Etter elektriske lys vart innført, kom symaskina, følgd av vifta, tekokeren og brødristaren. Og så kom vibratoren. Ni-ti år seinare dukka støvsugaren og strykejarnet opp i elektrisk form.

Det er tydeleg at marknaden var klar for ein heimekur mot hysteriske plager, og at kvinna sjølv var i stand til å ta hand om dette. Byrjinga av 1900-talet gav kvinnene eit stort mangfald av massasjeapparat å velje mellom, frå produsentar over heile verda. Desse apparata var mindre enn dei som legane opphaveleg hadde tatt i bruk, og medan nokon var batteridrevne, var
andre avhengig av straumuttak. Ein variant kan ein finne i ein Sears-katalog frå 1918, under overskrifta «Aids That Every Woman Appreciates».


Her kan ein sjå ei rekkje med ulike elektriske hjelpemiddel for kvinner; vifter, symaskin, kjøkkenmotor og sjølvsagt ein flyttbar vibrator skildra som «Neat, compact vibrator with three applicators, as shown. Very useful and satisfactory for home service.» Rett under denne vibratoren finn ein altså tilbod om «Vibrator attachments for Home Motor». Vibratoren gjekk slik inn i rekkja av tilleggsutstyr til kjøkkenmotoren, i lag med visp og kvern. Ein må nesten anta at kvinna på denne tid for det meste hadde kjøkkenet for seg sjølv.

Sears-katalogen, som framleis er aktiv i dag, er eit landemerke i amerikansk konsumkultur. Her kan ein til ein kvar tid finne det ein treng, og kjøpe på postordre eller hente i ein utsalsbutikk. Vibratorar er ikkje lenger å finne i katalogutvalet deira.

Sears-katalogen var ikkje åleine om å reklamere for vibratorar på byrjinga av 1900-talet. Dette var ein stor marknad, og alle kasta seg inn i den med ulike variantar og lovnadar om «betre helse». Inkludert kjende varemerke som Rolex, som kunne skryte på seg «Rolex 3 minutes masseur» (biletet).

Frå byrjinga av 1900-talet til slutten av 1930-talet var vibratoren lett synleg i reklamemateriell og vareutvalet til butikkane. Dei ulike designa varierte veldig, og ikkje alle var like tiltalande. Nokre såg ut som om dei høyrde heime hjå tannlegen, andre i eit verktyskrin (biletet til høgre), men populære var dei.

Og dette var situasjonen fram til slutten av 30-talet, då vibratoren forsvann frå det offentlege lys – sjølv om ein må rekne med at den ikkje forsvann frå heimen. Ein kan finne nokre massasjeverktøy i kvinneblader frå femtitalet, men ingenting som minner om dei tidlege vibratorane. Først på 60-talet dukka dei opp att, og denne gongen som eksplisitte sexleketøy. Vibratoren har likevel ikkje fått heilt den same staden att, og ein skal leite lenge etter det kvinnebladet som reklamerar for vibratorar sjølv i dag. Youtube har derimot eit par interessante reklamefilmar.

Kvifor er det slik? For det første fordi ein ikkje var så seksuelt undertrykt i gamle dagar som vi likar å tru. Alt maset om hysteri og underlivsmassasje prover at vi var veldig interessert i sex av ulike, opplagte årsaker. For det andre så virka det lettare å dekkje over vibratorens seksuelle art i eit meir danna og høfleg samfunn.


Masturbasjon

Ein kan ikkje skrive om dette temaet utan òg å nemne medaljens bakside. Ein av grunnane til at det var viktig å skilje mellom masturbasjon og massasjeterapi var den gjengse oppfatting om at masturbasjon var ein styggedom. Masturbasjon var opphavet til eit utal mentale lidinger og fysiske skavankar, og eit knippe av moralistar var på eit korstog mot denne praksisen. Dette er skuggesida av eit samfunn som er besatt av den menneskelege seksualiteten; etterkvart som den vart avdekka, vart den òg patologisert og fordømd.

Eit godt skrekkdøme er John Harvey Kellogg (biletet), som, forutan å ha funnen opp corn flakes, og var tilhengjar av massasjeterapi, vassterapi og elektroterapi for hysterikarar og andre, var ein ihuga motstandar av all form for seksuelle uttrykk. Han var gift i over 40 år av sitt liv, men skal i følgje gode kjelder aldri hatt sex med si eiga hustru, og dei sov sjølvsagt på separate soverom.

All form for seksuell aktivitet, sjølv dei som ektefeller gjorde seg skuldig i, var unaturlege og måtte unngås. Eit sunt liv og diet ville hindre folk i å verte reven med av sine lystar, og han meinte med dette minst mogleg kjøt – sjølv var han vegeterianar – og berre to måltid om dagen. Fortrinnsvis kan ein då rekne med at hans kosthold bestod av to skåler corn flakes om dagen, eventuelt ei skål om morgonen og ein grønsaksrett ut på dagen. Ein kvar annan form for «stimulerande» mat og drikke skulle òg unngås.

I ein periode, og i to bøker, gav han uttrykk for at ingenting var verre enn masturbasjon, denne einslege synd. Faktisk var masturbasjon i følgje han dødeleg og aktive onaninstar døde gjerne for «eiga hand» – bokstaveleg tala.

For Kellogg var det ikkje nok at unge skulle få armane bunde fast når dei låg i senga, han gjekk drastisk til verks. For unge menn anbefalte han intet mindre enn omskjæring for å avverge onani, og han fekk støtte av fleire, noko som er årsaka til at den dag i dag er fleirtalet av amerikanske menn omskjært. Moderne argument om reinslighet og liknande var ikkje på plakaten hjå Kelloggs og kompani. Han foreslo òg i nokre tilfeller å sy att forhuden på gutane, andre gonger var sjokkterapi og «bur» til kjønsorgana å foretrekke. Jentene slapp ikkje lettare unna, og han foreslo å bruke phenol på clitoris for å stogge overdreven masturbasjon.

Heldigvis for kvinnene var Kellogg i mindretal i å ville prøve ut sistnemnde løysing på unge jenter, og det slo aldri an som praksis i den Viktorianske verda. Likevel ser moderne kvinner attende til denne tida med gru, utan tanke på at for all dens patologisering av kvinners seksualitet, så vart resultatet vibratoren. I dag eit symbol på kvinnas frigjering frå ein mannsdominert seksualitet og deira eigarskap til deira eigen seksualitet og orgasme.

På si side, sat menn att med dette etter 1800-talet:



******

For vidare fordjuping:
For dei som ønskjer å gje seg i kast med denne tematikken sjølv, anbefalast i første omgang første bind av Seksualitetens Historie av Michel Foucault, og deretter The Technology of Orgasm: «Hysteria», the Vibrator and Women's Sexual Satisfaction av Rachel P. Maines frå 1999, som er rekna som hovudverket på området. Maines er ein feministisk historikar som snubla inn i tematikken gjennom sine studiar av kvinneblader med fokus på sykunst. I 2008 vart det òg lansert ein dokumentar, Passion and Power, basert på denne boka. Ein god biletressurs på nettet er Mike's Antique Vibrator and Quack Medical Museum, der fleire av illustrasjonsbileta til denne artikkelen er henta frå. Sida har diverre ikkje vore oppdatert sidan 2005, men det som ligg der er interessant og opplysande.

*****

Forfatteren: Hr. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist av utdanning, utøvande frilansskribent og livssynsmessig vrang. Som fast redaksjonsmedlem for Pegasus, redaktør for nyhendesida n4f.no, og bidragsytrar til mellom anna Fri Tanke og Forskning.no, opererer han der populærkultur, det politiske, og det absurde møtast. Han er hovudansvarleg for det burleske selskapet Absalong i Bergen og er til dagleg tilsett ved Universitetet i Bergen, der han forlystar seg med byråkratiske gjeremål. Han kjemper ein dagleg kamp mot pandaenes komande terrorvelde, Pandamonium, og bloggar tidvis om dette og anna svada på Ïa! Ïa! Hastur Fthaghn!

*****